Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Kafe Sjøatunet - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

TRUBADUR PÅ KAFE SJØATUNET

Trubadur Bjørkis på kafeen Påskeaftan

I år slår vi til med Trubadur på kafeen på påskeaftan.
Her blir det hæla i taket!!
Litt om Trubaduren:
Trubadur Bjørkis har gjennom ei årrekkje reist land og strand rundt med gitaren som fast følgesven.
Plassar som Hammerfest, Måløy, Farsund, Mysen, Volda, Nordfjordeid og Ålesund – for å nemne nokre – har fleire gonger hatt besøk av trubaduren.
I ei skildring av seg sjølv seier trubaduren at han er ca. 80 prosent klovn og 20 prosent musikar, og at han er der for å underhalde, skape liv og allsong, og ikkje for å bli berømt eller kome på hitlistene sjølv.
Bjørkis er òg kjend for si notoriske sceneskrekk, då han med trådlaus gitar og mikrofon like gjerne kan dukke opp bak baren, bakerst i lokalet, ute på uteservering eller på røykjeområda.
Bjørkis freistar å ha eit så variert repertoar som mogleg – songar av bl.a. Vassendgutane, 3 Busserulls, AC/DC, Britney Spears, Creedence, Øystein Sunde, CC-Cowboys, Jokke, Elvis og Eric Clapton.
Kort sagt – i løpet av ein kveld med Bjørkis, får ein låtar frå 50-talet og heilt fram til i dag.
Med over 200 songar inne i hovudet kan det til tider bli mykje å halde styr på, så forslag frå publikum vert alltid teke imot med takk, og kjenner han songen og teksten blir ynskja spelt på løpande band.

Så ingen grunn til å mure seg inne når man kan more seg ute!!


(Sist oppdatert 18.mars 2015, 14:11)

Gå til nyhendearkiv