Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Utvik Vel- og Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

NY MARKNADSDAG I UTVIK SENTRUM

Av

Ny marknadsdag i Utvik Sentrum laurdag 14/9
UVUL ønsker på nytt å arrangere torg/markedsdag i Utvik Sentrum.
Dersom interessa er til stades ønsker vi å halde dette laurdag 14 september.
Til trass for fryktelig dårlig ver sist vi arrangerte dette 29/6 fekk vi inntrykk av at mange syns det var eit kjekt tiltak
og mange fekk både solgt og kjøpt mykje av både smått og stort
Vi lodder herved stemninga om det er interesse for ny marknadsdag i Utvik.
Som på sist arrangement nevner vi igjen at her kan den som vil sette seg opp ei bod og selge eller bytte varer ein måtte ynskje.
Det kan vere møbler, leiker, møbler, sportsutstyr (ski, syklar mm) Om nokon har av markens grøde , brød, honning, heimelaga ting å selge, så møt opp.
Her er det kun fantasien som set grenser.

I tillegg håper vi at dei som har av frukt og grønt, honning, heimelaga brød, egg mmmmm kan stille på med salgsboder og gjere dette til ein smaksrik
oppleving og.
Initiativet er frå Utvik Vel og Utviklingslag men jobb med salg og inntekter går til kvar og ein som stiller opp med eiga bod.
UVUL vil vere behjelpelig med å ordne plass til bod.
Må og presisere at det ein ikkje får solgt, bytta vekk eller gitt vekk må kvar og ein syte for å ta med seg etter endt dag.

Om dokke har spørsmål ta kontakt med Kjell Bruland- 91873336 eller Tanja Hage-41206102 i UVUL

MØT OPP OG VER MED PÅ Å SKAPE EIN FIN MARKNADSDAG I UTVIK
(Sist oppdatert 08.september 2013, 17:04)

Gå til nyhendearkiv