Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Utvik Vel- og Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

MARKED/TORGDAG I UTVIK SENTRUM 29/6

Den store kjøpe/selgje/byttedagen 29/6

Brenn du inne med for små ski, for stor sykkel, for gammal sofa?
Vil du bytte trimsykkelen eller tredemølla di med eit skikkelig tørkestativ? Les videre......
UVUL ønsker å arrangere torg/markedsdag i Utvik laurdag 29/6. Lat dette bli den store kjøpe/selge/byttedagen!
Her kan den som vil sette seg opp ei bod og selge eller bytte varer ein måtte ynskje. Det kan vere møbler, leiker, møbler, sportsutstyr (ski, syklar mm) Om nokon har av markens grøde , brød, honning, heimelaga ting å selge, så møt opp. Her er det kun fantasien som set grenser.
Dette er for å skape litt liv og røre i det vakre sentrumet vårt.
Initiativet er frå Utvik Vel og Utviklingslag men jobb med salg og inntekter går til kvar og ein som stiller opp med eiga bod.
UVUL vil vere behjelpelig med å ordne plass til bod.
Må og presisere at det ein ikkje får solgt, bytta vekk eller gitt vekk må kvar og ein syte for å ta med seg etter endt dag.

Om dokke har spørsmål ta kontakt med Kjell Bruland- 91873336 eller Tanja Hage-41206102 i UVUL

MØT OPP OG VER MED PÅ Å SKAPE EIN FIN TORGDAG I UTVIK
(Sist oppdatert 17.juni 2013, 21:22)

Gå til nyhendearkiv