Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2fac_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Utvik Bygdekvinnelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmøte vel overstått i Utvik Bygdekvinnelag

Her kan de lese meir om kva som har gått føre seg i bygdekvinnelaget i år og sjå mange fine bilder.
Årsmelding frå Utvik Bygdekvinnelag

29.11.2010 Ostekvelden under årsmøtetvar det årsmøte i Utvik bygdekvinnelag på Snekkerstova.
Vi er 23 medlemmer i laget , og rundt halvparten av desse var tilstades så årsmøtet vart utført. Mange av medlemmane har høg alder, vi slit med rekruttering i laget, og vi ynskjer oss mange fleire medlemmer. Vi drøfta medlemspengane, og nedlegging av laget , men vi valde å prøve eit år til, for vi ser på laget som ein ressurs i bygda. Styret stod for maten , og denne kvelden var det ost med tilbehør som stod på menyen . Takk til ”TINE” som spanderte dessert.

Årsmeldinga vart godkjendt , og det er utruleg kor mykje vi har hatt føre oss dette året.

Utkantmarknad Etter årsmøtet i fjor var det utkantmarknad der vi var med å laga vafler og selde kaffi .

6.12. arr. vi Nostalgisk Jul i Reinetunet.

Vi pynta Brubakk-huset med innsamla fin gammal julepynt , og gamle julehefter. Så serverte vi alle dei 7 sortane av julekaker , lefse og gombe , julebrød og sveler.

Her er litt bilder frå dette:

Nostalgisk julÅrsmelding njn 2Årsmelding njn 3Nostalgisk jul


Kakebord


25.01.


Alle medlemmane samla 25.01.10


Vi var i ”Huset i svingen” på nyttårsfest. Hyggestund med god mat , og mykje song og musikk. Den kvelden tok vi bilde , vi hadde 60 års jubileum 31.10. 2008, og då var det ikkje fotogafert.

Februar

Vi hadde vi kakelotteri på kafèen . Pengane vart delt likt mellom Tistam grendahus og Urdabrunn.
Vi var på Vikane omsorgsenter med underhaldning og kaffimat.
Aud Hjelle var på Sjøatunet kafè og viste /selde klede av tova ull.

Mars

To av medlemmane var på fylkesårsmøte på Nordfjordeid.

April

Medlemsmøte i grendahuset på Tistam. Vi la planer for Kafèen vår på sommerdagane , og trimturane som vi har i lag med Innvik bygdekvinnelag.

Juli

Salg av jorbærkake på kafè sølvberg under sommerdagane.

21.09.

Busstur til Søvik, der vi besøkte Valaker`s bakeri. Ei bedrift som er grunnlagt og driven av familien Malvin Valaker.

Oktober

Medlemsmøte på Snekkerstova. Vi markerte havreåret med gode rettar av havre: Havrekjeks, havrevafler, havrekake, smuldrepai, havre-rundstykker og havre-muffins. Det smakte nydeleg.

HavrekveldMeir bilder frå havrekvelden
















Etter årsmøtet ser styret slik ut:

Leiar: Margunn Hage
Nestleiar : Bertha Lise Hole
Kasserar : Bertha Lise Hole
Sekretær : Oddlaug Tisthamar
PR.kontakt :Kirsten Tisthamar
Styremedlemmar: Gunvor Verlo, Brita Myklebust, Ruth Frøyset
K:F:B: Kontakt : MarthaE.Tisthamar
Valgnemd: Leiar: Martha E.Tisthamar, Inga Berge, Erna Hauge

Dette året har Bygdekvinnelaget tilsaman gjeve Kr 14100.- i gåver til gode formål i bygda.

Vi ynskjer alle ei God Jul og eit Godt Nytt år !






(Sist oppdatert 18.desember 2010, 11:37)

Gå til nyhendearkiv