Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Fredagsklubben

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Logo fredagsklubben © Lindy PaulenFREDAGSKLUBBEN I UTVIK
Fredagsklubben er ein klubb som vart starta for å lage aktivitetar på Kafe Sjøatunet. Vi har eitt arrangement i månaden, vanlegvis 2.lørdag i måneden. VI har pub-quiz og ein del arrangement med mat. Eksempel på arrangement vi har hatt er: sauehaudfest, meksikansk aften, sjømatkveld, viltaften, vinkurs, ølsmaking og swingkurs.
Vi har over 100 medlemmar mellom 20 og 80 år. Det første året ein melder seg inn kostar det kr 100,- etter det er prisen 50,- pr år. Arrangementa våre er åpne for alle, men det er medlemsrabattar ved arrangement. I tillegg får alle medlemmane e-post før alle arrangement.



Styret for 2010
Mette Carlsen (leiar)
Turid Paulen
Agnes Flaten
Torhild Sjursen
Ragnvald Skrede
Kjell Bruland

Har du idear til arrangement og aktivitetar, kontakt fredagsklubben på epost: fredagsklubben.utvik@gmail.com
Denne eposten bruker du også for å melde deg på til alle aktivitetar arrangert av Fredagsklubben.

Planlagte arrangement våren 2010:

13 mars - internasjonal restaurantkveld
31.mars - påskequiz
april - arrangement ikkje bestemt endå
12.mai - quiz
juni - grillkveld, endelig dato kjem seinare.