Utvik Bygdekvinnelag
VELKOMEN TIL UTVIK BYGDEKVINNELAG!Utvik bygdekvinnelag vil gjerne samle alle kvinner som som kjenner seg knytte til bygdemiljøet i Utvik / Tistam. Vi arbeider for trivsel i bygdene våre , og skaper sosiale møteplassar. Vi støtter opp om kreativitet og nytenkning, formidlar og vidarefører kulturen vår innen mat og handverk.
Er du ny her , då er dette eit supert fora for å bli kjend med folk og stadar i bygdene .
Bygdekvinnelaget er møteplass for alle generasjonar , der unge og eldre kan bli kjende og lære av kvarandre. Nye medlemar er velkomne, det er alltid kjekt med nye fjes , nye tankar og ideàr.
Ta kontakt , eller møt opp og sjå om dette er noko for deg !
Arr. våre vert annonsert på www.vikanenett og ved plakatar i oppslagstavla ved Sjøatunet.
Info og ymse:
Styret:
Leiar : Margunn Hage tlf 41242456
Nestleiar og kasserar : Bertha Lise Hole tlf 98830527
Skrivar : Anne Karin E. Verlo
Laget vart skipa i 31.10.1949 og vi har 25 medlemar.
Vi har seks medlemsmøter for året ,
Kvart år er det tradisjon med kakelotteri laurdag før morsdag. Og inntekta av dette går til gode formål i bygda.
Les meir om Norges Bygdekvinnelag her!
Vanlege årlege arrangement:
På sommerdagane har vi kafe i Sølvbergsbutikken , då sel vi kaffi og verdens beste jordbærkake.
Frå mai og utover sommaren er det trimturar på skogsvegar og støylar i bygdene Tistam – Utvik – Innvik.
Finn vårens program for turar her.
Les meir om våre aktivitetar og sjå bilder her!
Vi har alltid bruk for nye medlemmar, og du er velkomen til å melde deg inn!
![]() |
| Støylstrimmarane samla til avslutning på Brubakk. |
![]() |
| Sjølv spreke damer treng ei kaffipause |


