Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Hurra for Utvik Bygdekvinnelag, 65 år i dag!

Av Lindy Paulen

Eg blei med mi kjære besta på kalas med klare forventningar om koseleg samvær med godt voksne bygdekvinner, sang og gode kaker. Og det vart det til gagns!
Eg oppdaga at desse damane er ein kulturskatt i seg sjølv, vel verdt for fleire å oppleve.


Dette er ein utruleg kjekke gjeng med damer som har holdt det gåande i åresvis. Dei har føre seg alle slags aktivitetar til glede og nytte for oss som bur her i bygda. Mykje av dette var eg nok ikkje heilt klar over. Bygdekvinner landet over satsar på trygg mat gjennom "Aksjon sunn matglede", levande bygder og bevaring av kulturslandskapet og kulturarven. Her lokalt har Utvik Bygdekvinnelag td. bidrege økonomisk til Urdabrunn, Kyrkja, Vikane Omsorgssenter, gjenreising av Tiendebuda, Utvik skule og Utvik 4H, bare for å nevne noko.
Bygdekvinner 1I tillegg stiller dei opp både på sommardagar og utkantmarknad og har kakelotteri årleg. Og visste du at det var Bygdekvinnelaget som i si tid drog i gang både handballen og fjelltrimmen? Og så har dei koka klubb på kafeen og dreve Hobbyhjørnet før vi fikk kafe. Husker dokke Hobbyhjørnet? Ein kjærkommen plass for folk i alle aldre før i tida, også rotlaus ungdom med lite å finne på kveldstid.


Noko anna som eg syns er heilt spesielt med bygdekvinnelaget er den gode stemninga. Her synger dei, heile tida. Når dei drog i gang «Den fyrste song» på slutten av kvelden, trur eg alle kjende hjartet vaks littegrann. Dei spelar gitar. Fortel vitser og gode historier. Og les dikt til ettertanke. Eit av Jan Magnus Bruheim om å væra seg sjølv. «Vil du ikkje væra der du er, er du ingen plass. Vil du ikkje væra deg sjølv, er du ingen».

I dagens samfunn går tida så fort så fort. Vi verner om den for bare livet og vil ikkje forplikte oss til noo som helst, men ha våre få ledige timar heilt for oss sjølv. Bygdekvinner, lag og organisasjonar landet over slit med rekrutteringa og med å samle folk. Ja sjølv heime i stovene slit vi jo ofte litt med å samle oss, men sitt med kvart vår digitale dings i kvar vår krok. Nettopp derfor trur eg Bygdekvinnene er eit tilbud som er så viktig å behalde, ein pause og motpol mot dette samfunnet spekka med distraksjonar og lettbeint underhaldning.

For det er noko med å samlast, ansikt til ansikt, og jobbe saman om noke som skapar glede og trivsel.
Nettopp derfor er Bygdekvinnelaget bulyst på sitt beste- eit tilbod for alle kvinner, uansett alder, interesse og bakgrunn.

Bygdekvinner 2

Det er ikkje til å legge sjul på at akkurat dette laget er eit nettverk som sårt treng yngre krefter. Dei inviterte alle damer i Utvik og på Tistam. 108 totalt. Det var ikkje så mange av desse som hadde funne vegen til Urdabrunn i kveld. Sånn er det dessverre blitt, vi er så snare til å tenke at det ikkje passar.

Eg syns leiar Margun Hage var inne på noko viktig avslutningsvis: «Bygdekvinnelaget er limet i bygdene og vi håpar folk set pris på det arbeidet som vi har lagt ned. Og at dei ser viktigheten av eit kvinnenettverk i bygda».

Ei dame sa til meg at denne festen handlar om å anerkjenne det arbeidet som har blitt gjort her over så mange år, og være med å feire.

Tusen takk for at eg fikk være med å feire. Denne kvelden heilt uten facebook, instagram og dårlege program på TV var veldig fin!

GRATULERER TIL UTVIK BYGDEKVINNELAG!

PS; Utvik Bygdekvinnelag har si eiga side her og møter 6 ganger i året.


(Sist oppdatert 10.april 2014, 07:57)

Gå til nyhendearkiv