Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2fac_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Utvik kulturminneforening

Årsmelding 2013

Etter oppmoding og til orientering set vi ei innkorta årsmelding inn på Vikanenett.
Utvik kulturminneforeining vart skipa 19.08. 2010, og årsmøtet i år var 30.01. Leidulv Kårstad vart attvald som leiar, Margunn Hage som nestleiar og Kirsten Tisthamar som kasserar.
Årskontingenten har vore 100 kr.

Oppsetjing av Tiendebuda: Fundamentet vart mura av Utvik Maskin i 2012.
Johnny og Leiv Tvinnereim starta med trearbeidet 27.05. 2013. Den nye materialen som er nytta, er kjøpt med Per Bjarne Tisthamar. I Tiendebuda er støypt golv inne og ute, og det er lagt trakkheller på begge stader, mesteparten som dugnad.

Fin omtale: Vi fekk fin omtale av prosjektet med tekst og fine bilete i ”Fjordingen”. Mykje ros for godt utført arbeid frå to frå Fylkes- kulturkontoret, og stor takk frå mange sambygdingar og andre.- Stor takk går til gode handverkarar.

Gjenståande arbeid: Det må setjast opp faste benkar inne i Tiendebuda. Til våren vil vi legge torvtak, beise, og ordne til området, henge opp gjenstandar og bilete innvendes, og ha eit kulturarrangement.

Økonomi, dugnadsinnsats og forsikring: For å fullføre det vi makta siste året, har vi fått eit privat, kortsiktig rentefritt lån på 81.000 kr. Samla dugnadsinnsats er på 234 noterte timar, til ein verdi av 46.800 kr. Bygningen er fullverdiforsikra til 521.134 kr.

Oppsummering
Vi kan sjå attende på eit hektisk arbeidsår med mykje dugnadsinnsats. Det økonomiske ser på papiret dårleg ut, men gleda av å ha fått utført så mykje kulturarbeid saman, er størst. Vi i Kulturminneforeininga kan glæ oss over ein verdifull kulturskatt vi har fått stått saman om å gjenskape.
Vi ynskjer fleire medlemar i foreininga, fleire som er villige til å ta del i dugnadsarbeidet, og personar, lag og organisasjonar som kan hjelpe oss med midlar. Hjarteleg velkomne !

Med helsing frå Utvik kulturminneforeining, Leidulv Kårstad

Tiendebuda i Utvik © Kirsten Tisthamar

(Sist oppdatert 20.februar 2014, 10:50)

Gå til nyhendearkiv