Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Få førjulsstemning i Reinetunet

Få førjulsstemning i Reinetunet

Av Fjordingen

Søndag er det igjen klart for førjulsstemning i Reinetunet. Kirsten og Kjell Tisthamar i Utvik opnar dørene i tunet og byr på nostalgisk førjulstemning med gammaldags julepynt i Brubakkhuset, medan det i gardsbutikken vert råd å få fylt opp spiskammershyllene til jul. Her vert det steinomnsbakte brød og urtehorn, fiskelefser og flatbrød å få saman med syltetøy og saft fr Juv.

Li-såpa frå Innvik vert også å få kjøpt, om du vil ha ekte, lokal såpe til julebadet.
Nissar i ullfilting og anna handverk er også å få kjøpt.
Niandeklassingane frå Vikane skule serverer risengrynsgraut, der inntektene skal gå til skuletur til Polen.
Kaffi og tradisjonelle julekaker vert servert, og Olav Sigurd Gundersen held kåseri i ord og tonar.

Henta frå Fjordingen onsdag 4. desember 2013 side 13. Abonner på Fjordingen du også - bestill her!

Nostalgisk jul
↑ Foto: Utvik Bygdekvinnelag / Reinetunet 2009







← Plakat for arrangementet i Reinetunet (PDF)


(Sist oppdatert 04.desember 2013, 11:54)

Gå til nyhendearkiv