Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Strålande sommardagar i Utvik

Fann tonen i Utvik

Av Fjordingen

21. sommardagane i Utvik glir fint inn i rekka av vellukka tilskipingar. Leidulf Kårstad vart til "Årets utvikar 2013", den nye gjestebryggja vart teken i bruk, og det var folksamt både på dagtid og kveldstid. Ikkje minst i Reinetunet der utflyttarduoen Jan Valaker/Knut Andenæs fann tonen på heimleg grunn.

Det krydde av folk i Utvik sentrum laurdag både på dag og kveld, og dei 21. sommardagane går over i historia som svært vellukka.

Stemningsfullt i Reinetunet

Av Fjordingen

Nær hundre frammøtte fekk ein fin visestund i Reinetunet. Ein konsert krydra med gitarspel og kjende viser frå to humørfylte utflyttarar som gjerne tek turen heim til Nordfjord når høvet byr seg.

Leidulf Kårstad – årets utvikar

Av Fjordingen

Leidulf Kårstad vart kåra til "Årets utvikar 2013" under sommardagane i Utvik laurdag. Ein velfortent heider til ein mann med eit stort hjarte for heimbygda.

Les meir om "Årets utvikar 2013"www.fjordingen.no
eller alt om Strålande sommardagar i Utvik i Fjordingen mandag 29. juli 2013, side 8 og 9.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 31.juli 2013, 17:45)

Gå til nyhendearkiv