Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Gjenreiser tiendebud

Gjenreiser tiendebud frå 1719

Av Fjordingen

Mellom Utvik kyrkje og riksvegen har snekkarane Johnny og Leiv Tvinnereim utført eit framifrå fagarbeid det står respekt av. Med handreiskapane greipekniv, bile, stemjern, klumr, slegge, hammar og sag har dei no lafta i hop ei gamal tiendebud frå 1719.
Kyrkjebygningen er frå 1840.

Tiendebua vart riven under sentrumsreguleringa i 1997 og hadde då stått veldig nær sjøkanten. Etter mange år "på vent" har den endeleg fått sin tiltenkte og tilmålte plass utanfor bårehuset. Tiendebuda ved Utvik kyrkje er kansje ei av dei svært få bevarte bygningane i sitt slag her i fylket i tilknyting til ei kyrkje.

Les meir om saka på www.fjordingen.no, eller heile saka i Fjordingen onsdag 12. juni side 10 og 11.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.





Les også tidlegare nyheitskriv Støttar viktig kulturminne i Utvik, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 29.oktober 2013, 19:33)

Gå til nyhendearkiv