Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Konsert og folkemusikkpub

Konsert og folkemusikkpub i Utvik 8.juni

Av Mette Carlsen

Fredagsklubben i Utvik inviterer til konsert i Urdabrun laurdag 8.juni kl 18.30 til ca kl 20.00, og folkemusikkpub på Kafeen fra kl 21.00

Britt Elise Skram
Werner Barth
Lokale utøvarar


Frå kl 21.00 vert det folkemusikkpub med Werner Barth og opa scene for alle som ynskjer å spele, synge eller fortelje ei historie. Det vert og plass til å danse og litt allsong.

Det vert mogleg å kjøpe kaffe, kake, mat som til dømes pizza og andre forfriskingar etter konserten.

Billettprisar:
Konsert: 100,- (denne gir og inngang til pubkvelden) barn: 30,-
Berre pubkveld: 50,-

Britt Elise Skram



Britt Elise Skram er frå Vestnes i Romsdal og har spelt i A-klassa i mange år. Ho er utdanna frå Norges musikkhøgskule, leiar i Spelmannslaget Dåm og Drag og spelar i fleire grupper som Øresus, Vangsgutane og Kystfolket, i tillegg til Werner Barth.



Werner Barth er ei gruppe frå Vestnes beståande av Britt Elise Skram, Karl-Arne Frantzen og John Trygve Villa på henholdsvis fele, gitar og bass. Sidan 2002 har gruppa spelt ein type eigenarrangert folkemusikk blanda med andre impulsar og kan vel best puttast i båsen folk-rock. Repertoaret har spunne frå rolege folketonar via morsomme viser til spenstige hallingar.

Gruppa har spelt i mange samanhengar som til dømes på Folkelarm i Oslo, ein skandinavisk festival i Minnesota, bursdagar, åpning av konferansar, kyrkjekonsertar og til dans. Dei har også blitt fylkesmeistrar i åpen klasse under fylkeskappleiken for Møre og Romsdal fleire gonger.

Vi håper flest mogleg vil kome på desse arrangementa og ta med instrument, sangstemme og dansesko og ha ein triveleg kveld ilag i Utvik.


Arr. Fredagsklubben i Utvik

(Sist oppdatert 01.juni 2013, 10:04)

Gå til nyhendearkiv