Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

- Livsfarleg i Utvik

Av Fjordingen

- Eg fryktar at det skal skje dødsulykker på dei to livsfarlege fylkesvegbruene ovanfor Utvik sentrum, uttalte Jofrid Rye Hestenes i kommunestyre (22.03.13).

Riksvegbruene i Utvik stod i fleire år på toppen av Stryn kommune si liste over nødvendige tryggingstiltak for mjuke trafikantar. Jofrid Rye Hestenes bad rådmannen og ordføraren sjå på om det finst andre måtar å skaffe finansiering av prosjektet, t.d. vedlikehaldsmidlar.

-Med auka trafikk etter opninga av Kvivsvegen, er det blitt endå farlegare for gåande og syklistar å kome seg over bruene, hevdar Jofrid Rye Hestenes.
- Vi skal ha eit møte med Statens vegvesen i april. Då vil denne saka bli teken opp, svara ordførar Sven Flo.

Dette sto å lesa i Fjordingen onsdag 27. mars 2013, side 7.

Ugla-Skarstein på topp

Av Fjordingen

Ugla-Skarstein vart prioritert på topp for andre investeringstiltak på fylkesvegnettet, inkludert gang- og sykkelvegar.

Dermed vart gang- og sykkelveg Innvik-Hildastranda prioritert på andreplass og tilsvarande gang- og sykkelveg Loen-Solvik til tredjeplass.

Dette og meir til sto å lesa i Fjordingen fredag 22. mars 2013, side 7.


Les alt om Regional transportplan 2014-2023 - innspel til handlingsprogram frå Stryn kommune og sjå saka filma frå kommunestyre 22.03.13 på www.stryn.kommune.no.


(Sist oppdatert 31.mars 2013, 18:59)

Gå til nyhendearkiv