Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Feira barnehagedagen

Med hjartet på rette staden

Av Fjordingen

Etter eit besøk i Utvik Barnehage sit ein att med eit noko bestemt inntrykk: Dette må vere ein barnehage med hjartet på rette staden.

Når borna kjem om morgonen blir dei møtt av blide, omsorgsfulle vaksne som tek seg svært godt av borna. Og borna på si side viser stor tillit til personalet. Personalet er gode reserveforeldre medan borna er i barnehagen. Med andre ord: Det er trygt og godt for foreldre og føresette å sende borna i Utvik Barnehage.

Tysdag markerte også Utvik barnehage barnehagedagen ved å invitere besteforeldre, foreldre og naboar. På den måten fekk ein synleggjere korleis borna verkeleg har det på ein vanleg kvardag. Samstundes fekk dei besøkande vere til stades og saman med borna. Dei fekk også sjå barnehagen sitt område både ute og inne.

Les heile saka i Fjordingen fredag 15. mars 2013, side 1 og 8
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 18.mars 2013, 10:30)

Gå til nyhendearkiv