Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Trur på trekjelke

Akebakkens Rolls Royce

Av Fjordingen

Utvik Tre satsar friskt. I industrilokala til Dooria produserer den nyskipa verksemda ein eksklusiv, prisløna kjelke i bjørk og mahogni. Målet er å kome inn på eksportmarknaden.

Han blir omtala som "Akebakkens Rolls Royce", den elegante kjelken i bjørk og mahogni. Det rette namnet er OT-kjelken, utvikla hos Opsahl Treindustri i Oslo.

Då innehavar Torleif Nordengen fylte 80 i april, selde han firmaet og la ned produksjonen. Valet av kjøpar til kjelkeproduksjonen fall på det nyskipa firmaet Utvik Tre.

Les meir om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen onsdag 20. juni 2012, side 4 og 5.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 20.juni 2012, 16:13)

Gå til nyhendearkiv