Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Informasjonstavla

Informasjonstavla på "halv tolv"

Av Harald Røyrvik

Fjordingen skriv .. i forbifarten .... at informasjonstavla på det populære utsiktspunktet nedanfor Karistova står på "halv tolv".

Det har den gjort sidan Dagmar og det ser ikkje ut til at nokon vil ta ansvar for den.

Underteikna sendte ein mail til Stryn kommune og Statens Vegvesen den 28.april og belyste saka. I mailen vart det spurt om kommunen eller vegvesenet kunne vere så ansvarlig at dei ordna opp. Det er ikkje gitt nokon tilbakemelding på mailen og kommunen har heller ikkje sakført mailen i postlista til kommunen.

Saka vart oversendt til Utvik Vel- og Utviklingslag den 25. mai . Det er no veldig kjekt at Fjordingen også belyser saka.

IMAG0183 © Harald RøyrvikIMAG0182 © Harald Røyrvik

(Sist oppdatert 04.juni 2012, 22:18)

Gå til nyhendearkiv