Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2fac_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Tiendebuda vert gjenreist

Tiendebuda vert gjenreist i Utvik

Av Fjordingen

Leidulv Kårstad søkjer på vegne av Utvik kulturminneforeining om 60.000 kroner i kommunalt tilskot til gjenreising av Tiendebuda i Utvik.

Målet er at bygget frå 1719 skal stå ferdig restaurert i løpet av hausten 2012.

- Det er vanskeleg å seie nøyaktig sum på eit slik prosjekt, men vi reknar med at kostnaden blir på vel 250.000 kroner, opplyser Leidulv Kårstad.
- Kor mykje pengar har de til disposisjon?
- Vi har fått 30.000 kroner frå Utvik sokneråd, 30.000 kroner frå Utvik Bygdekvinnelag og 40.000 kroner frå kulturetaten i Stryn kommune.
No søkjer vi om ytterlegare 60.000 kroner frå kommunen.

Les meir om saka i Fjordingen onsdag 22. februar 2012, side 6 eller les søknaden frå Utvik kulturminne-foreining til kommunen under www.stryn.kommune.no.


Les også tidlegare nyheitskriv Tiendebuda på plass neste år frå november 2011.


(Sist oppdatert 23.februar 2012, 22:06)

Gå til nyhendearkiv