Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Snart siste dør frå Utvik

Snart slutt på dørproduksjon i Utvik

Av Fjordingen

I løpet av komande veke vert siste døra levert frå Dooria Utvik. Konsernsjef Mikkel Sandvik er oppteken av at fabrikkanlegget på 6.500 rutemeter skal kome lokalsamfunnet til nytte.

Sju tilsette fylgjer verksemda fram til produksjonsslutt komande veke. Fire av dei skal bruke november til opprydding og vedlikehald. Men då er Dooria sin aktivitet i Utvik definitivt over. Det store spørsmålet er kva som skal skje med bygningsmassen og tomta.

På www.fjordingen.no kan du lese meir om dette under overskrifta Snart slutt på dørproduksjon i Utvik
eller du kan lese eit tidlegare intervju med Støyva med overskrifta Vil skape nye arbeidsplasar i Utvik.

Du kan også lese meir om saka under overskrifta Slutt også i Utvik, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 22.oktober 2011, 17:32)

Gå til nyhendearkiv