Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Fleire radontiltak

Fleire radontiltak i Utvik barnehage

Av Fjordingen

Framleis for mykje radon i Utvik barnehage.

Stryn kommune må gjennomføre nye tiltak for å få ned radonverdiane i Utvik barnehage. Det er klart etter at Statens strålevern reduserte tiltaksgrensa frå 200 til 100 Bq/m3.

6. april 2011 kom resultatet som synte at årsmiddelverdien var redusert til 152 Bq/m3 fortel Per Inge Seime til Fjordingen.

1. januar 2011 innførte Statens strålevern ei ny forskrift som seier at det skal gjennomførast tiltak i alle skular og barnehagar der radonverdien ligg over 100 Bq/m3.
På bakrunn av skjerpa reglar må vi gjennomføre ytterligare radonreduserande tiltak innan 1. januar 2014. Det mest aktuelle er å setje inn nytt ventilasjonsanlegg som skiftar ut meir av innelufta.

- Uaktuelt å stenge

Av Fjordingen

Eli Katrin Kirkeeide, sakshandsamar for miljøretta helsevern i Stryn kommune, er nøgd med arbeidet som vert gjort for å redusere radonverdiane i Utvik barnehage.

- Så lenge målingane viser nedgang og det blir jobba med nye tiltak, er det uaktuelt å stenge Utvik barnehage.


Les heile saka om radon i Fjordingen fredag 20. mai 2011, side 6.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv Framleis for mykje radon, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 21.mai 2011, 11:25)

Gå til nyhendearkiv