Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

18 ut døra på Dooria

Av Fjordingen

Flytting av Dooria Norge Kundesenter til Oslo medfører nedlegging av konsernet sine åtte gjenverande kontorarbeidsplassar (7,5 årsverk) i Utvik.

- Med desse oppseiingane har 18 personar (17 årsverk) mista jobben sidan august 2010. Dette er dramatisk og tragisk for tilsette og lokalsamfundet, seier senterleiar Henriette Skåden og tillitsvalde Reidun Solheim, Tanja Selbervik Hauge og Karin Kleppe.

Konsernsjef Mikkel Sandvik forklarar flyttinga med at dei ønskjer å ha kundesenterer som ein del av administrasjonen i Oslo. Han presiserer at vedtaket ikkje omfattar produksjonen av dører i Utvik, der det no er 14 arbeidstakarar.

18 kontortilsette ved Dooria i Utvik
har blitt oppsagt sidan august 2010

Sidan august 2010 har 18 kontortilsette (17 årsverk) ved Dooria Norge i Utvik fått oppseiing. Med nedlegging av kundesenteret blir administrasjonsfløyen tømd for arbeidsplassar.

- Det høyrest ikkje så dramatisk ut når konsernleiinga opplyser at 7,5 årsverk går tapt ved flytting av Dooria Norge Kundeservice frå Utvik til Oslo. Men det reele talet er 17 årsverk når vi ser tilbake på siste halvåret.
I tillegg kjem leiarflukta som tidlegare er omtala i Fjordingen.

- Konsernleiinga lite lydhøyre

Rådmann Per Kristian Storevik har forgjeves prøvd å få Dooria til å oppretthalde kundesenteret i Utvik.

Held fram med rein dørproduksjon

Nedlegging av Kundeservice vil ifølgje konsernsjef Mikkel Sandvik ikkje påverke produksjonen ved fabrikken i Utvik.


Les meir om alle desse sakene i Fjordingen fredag 25. oktober 2011, side 4 og 5
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden
www.buyandread.com
.



Les også tidlegare nyheitskriv Kuttar årsverk, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 26.februar 2011, 13:47)

Gå til nyhendearkiv