Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Sommardagane i Utvik

Sommardagane i Utvik har skote "gullfuglen"

Av Fjordingen

Einaste Nordfjord-konserten til Sigrid Moldestad i år, blir i Utvik kyrkje under Utvikdagane siste helga i juli.

- Vi har vore fantastisk heldige. Utvik kyrkje er eit lokale for musikk, og Sigrid Moldestad er berre fantastisk. Dette vonar vi skal samle folk frå eit vidt distrikt, seier Aslaug Valaker som er leiar i komiteen for Utvik-dagane.

Utvikdagane byr på meir enn konsert. Dei fylgjer det tradisjonelle opplegget, mellom anna med torgdag, men i år blir det også bilutstilling. Veteranbilar på rekke og rad på den opne plassen framfor kyrkja.

Planar for ei gjestehamn i tilknyting til kafeen med uteterasse ligg på teiknebrettet. Dersom finansieringa går i orden og også nødvendig løyve, skal gjestekaia vere klar til Utvik-dagane.

Les heile saka i Fjordingen fredag 11. februar 2011, side 4.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


Sigrid Moldestad

Ved å trykke på bilde av Sigrid Moldestad kjem du direkte til hennar offisielle heimeside.


(Sist oppdatert 15.februar 2011, 12:31)

Gå til nyhendearkiv