Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2fac_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Framleis for mykje radon

Radonverdiane framleis for høge

Av Fjordingen

Ferske målingar viser at radonverdiane i Utvik barnehage har gått attende frå 236 til 207 becguerel per kubikkmeter. Det er ikkje nok til å friskmelde den gamle skulebygningen.

- Vi set no opp to vifter som bles ut lufta frå kjellaretasjen. Målingar på seinvinteren vil vise om desse får ned verdiane. Alternativet er å leggje duk over heile kjellargolvet, opplyser Per Inge Seime til Fjordingen.

På spørsmål frå Fjordingen om det er aktuelt å stengje barnehagen, svarar Seime:
- Nei, det er ikkje tema no. Dei siste målingane som blei registrert døgnvis over mangen veker, viser 7 Bq/m3 over tiltaksgrensa. Truleg er ikkje verdiane i barnehagen på dagtid så høge, då avtrekksvifta vert slått av om natta. Med ytterlegare to utblåsingsvifter er det grunn til å tru at verdiane skal gå ytterlegare ned.

Les heile saka i Fjordingen onsdag 26. januar 2011, side 2.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv For høge radon-verdiar , her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 28.januar 2011, 17:07)

Gå til nyhendearkiv