Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Sender mysa til Jæren

Taper 130.000 i året

Av Fjordingen

Det blir slutt på myse til dyrefôr i Sogn og Fjordane. Om vel eitt år skal Tine køyre 20 - 25 millionar liter myse frå Byrkjelo til Jæren. Vedtaket fører til kraftig auke i utgiftene til fôr, spesielt for svinekjøtprodusentane.

Lidvin Olav Hage i Utvik meiner vedtaket er eit stort tilbakesteg for svinekjøtprodusentane i fylket.

- Bortfall av myse vil få mykje å seie for økonomien både for meg og andre som driv med svineproduksjon, seier Lidvin Olav Hage, som er leiar i Norsvin i Sogn og Fjordane. Prisen for ei fôreining med myse er omlag ei krone medan prisen for ei fôreining kraftfor er kr 3,50. Han reknar med at dersom han må bruke kraftfor i staden for myse vil han få ein årleg meirkostnad kring 130.000 kroner.

Les meir om saka i Fjordingen fredag 14. januar 2011, side 4 og 5.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 15.januar 2011, 10:19)

Gå til nyhendearkiv