Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2fac_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Nyttårshelsing frå dansegruppa i Vikane

I mai starta Vikane Idrettslag med dansegruppe. Omlag 30 barn er med på dans i Urdabrunn kvar måndag. Sjå bilder og les meir om dette kjekke tiltaket
Dansegruppa er todelt, den eine er for barnehagetrinnet og den andre for barneskulen. Vår dyktige instruktør er Lina Vangberg Solstad, ho er 14 år og kjem frå Olden.

I november hadde vi besøk av Ove Sveen frå Fjordingen som tok mange flotte bilete, desse fekk vi løyve til å publisere på Vikanenett. (Sjå nederst i saken). Fjordingen var på besøk i samband med at Idrettslaget, ved dansegruppa, fekk tildelt 10.000 kroner frå If Barneidrettsfond 2010. Skule- og kultursjef Arne B. Berge delte på vegne av Sogn og Fjordane Idrettskrins ut sjekken og diplomet til Vikane Idrettslag. Idrettsforbundet mottok heile 700 søknadar, av desse vart 38 søknadar honorert med tildeling, skryt går til May Iren Skåden for ein fabelaktig søknad :-) Midlane har vi nytta til innkjøp av barrer og speglar til dansarane våre.

Vi hadde vår første framsyning under årsfesten til Vikane idrettslag, då fekk mange glede seg over alt dansarane hadde lært seg.

Måndag 20. desember hadde dei dyktige dansarane framsyning for foreldre, søsken og besteforeldre. Barna hadde kledd seg i nissekostymer og øvd inn fellesdans i tillegg til at dei store og små opptredde kvar for seg. Vi takkar for godt frammøte, det gjer ekstra inspirasjon til å fortsette med trening når vi får vise fram det vi kan av og til.

Vi ser fram til mykje moro med dans også i 2011.

Ha eit riktig god nytt år!

Beste helsing dansegruppa, Vikane IL, ved Unni Heggdal.


Dans 1

Dans 2

Dans 3

Dans 4

Dans 5

Dans 6

Dans 7

Dans 8

Dans 9
(Sist oppdatert 01.januar 2011, 22:01)

Gå til nyhendearkiv