Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Meir frå vinter-c på Utvikfjellet

Av Knut Endre Berentzen

P1040121 © Knut Endre Berentzen

Her kjem meir informasjon og foto frå Vinter c-kurshelga på Utvikfjellet.


P1040117 © Knut Endre BerentzenKurset starta fredag kveld med gruppeinndeling, etablering i leir, bli kjent med laget, gjennomgang av bekledning, lagsutstyr, ståande ordrar, ulike knutar og info om gjennomføringa av kurset.

Etter ei natt med litt ulike hell med fyringa og nattevarmen vart deltakarane vakte laurdag kl. 7 for frukost.

Kl 08:30 var laga klare for utreise til ein dag ute i felt med lagvis gjennomgang av ulike poster. Det blei gjennomgått redning i alpinbakke, improvisert skikjelke, orientering og skigåing med sekk utanfor løype, naudbivuakk, ettersøksmetodar, kamerat-redning og snørekøyring.P1040120 © Knut Endre Berentzen

Matpausar vart tekne ute i felt.

Deltakarane var tilbake til leiren litt tidligare enn planlagt, det fine været kan ha vore ein medverkande årsak, då ting alltid tek litt lengre tid i dårleg vær.

Kvelden vart avrunda med skredteori på kafeteriaen, måltid og tørking og ettersyn av utstyr før neste dag.
I mellomtida var det funne ut av problema med dei nye omnane slik at deltakarane fekk ei natt med betre varme og mindre røyk
(det var sjølvsagt brann-/fyringsvakt i alle telt).
P1040121 © Knut Endre Berentzen
Søndag morgon tok deltakarane opprydding av leirplassen før det vart øving på snørekøyring ut til skredområdet.
Lite snø gjorde at trakkemaskina måtte hjelpe til med tillaging av skredområdet, men det gjorde nytta.
Det vart gjennomført lagvis skredpraksis.

Etter ein lunsjpause vart det utført ei skredøving med grovsøk i skredområdet og deretter eit finsøk med søkestenger til området var gjennomsøkt og dukke og markeringar under ”raset” var funne.

Etter opprydding og skitur tilbake til leiren var det tid for ei avslutning på kafeteriaen før heimreise.P1040134 © Knut Endre Berentzen

Utbyttet frå kurset kunn vore endå betre om været hadde vore litt ruskete, men det har vore ei helg i kaldt men strålande vær som vi håper har gitt fagleg og sosialt utbytte, og motivasjon til vidare deltaking.
Ein del har alt ytra ønske om deltaking på ettersøks-leiing vinter (b-kurset) på Finse neste år, noko vi meir enn gjerne etterkjem.

Korpsleiinga i Vikane RKH retter ei stor takk til alle medlemmer som deltok på kurset, var hjelpe-
instruktørar, snøscooterførarar, leirvakter eller på annan måte deltok i organisering og gjennomføring av kurset!P1040178 © Knut Endre Berentzen


PS: Gi beskjed om nokon vil ha foto fjerna



P1040181 © Knut Endre BerentzenP1040189 © Knut Endre Berentzen
P1040193 © Knut Endre BerentzenP1040203 © Knut Endre Berentzen
P1040228 © Knut Endre BerentzenP1040249 © Knut Endre Berentzen
P1040257 © Knut Endre BerentzenP1040271 © Knut Endre Berentzen


(Sist oppdatert 23.februar 2010, 23:41)

Gå til nyhendearkiv