Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

76 hjortar felt i Vikane

76 av 103 hjortar vart felt i Vikane i 2009

Av Harald Røyrvik med sitat / tal frå Fjordingen

I Vikane blir det felt for få dyr, seier Odd Rønningen.
- Dei må vakne om det ikkje skal bli for stor auke i stammen.

Miljøvernleiar Odd Rønningen har vore viltforvaltar for Stryn siste året.

Hjortebarometeret i Fjordingen viser:

INNVIK: 32 tildelt og 30 felt , herav:
Hilde 10
Øverbygda 5
Skåden 8
Lyslo 7

UTVIK : 71 tildelt og 46 felt, herav:
Heggdal 8
Utvik austre 11
Valaker / Bruland 5
Frøyset 3
Tistam 15
Moldrheim / Hopland sørside 4

I Fjordingen fredag 15. januar kan du sjå Hjortebarometeret for heile Stryn og Hornindal kommune samt lese heile reportasjen med Odd Rønningen.


Steinar Frøholm som jaktar for Skuggesida seier dei ligg stabilt oppunder 50 % felling som vanleg.
- Elles er vi vakne heile tida….men hjorten har for vane å vere vaknare…☺
Talet felte dyr for Skuggesida (under Olden) viser 6 på Hjortebarometeret til Fjordingen.

Roar Bøe som har jakta for Valaker / Bruland har ingen komentar til jakta.
Noko underteikna tolkar som at han ikkje har skote dyr i Utvik.



(Sist oppdatert 17.januar 2010, 23:07)

Gå til nyhendearkiv