Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Ein Oase i Utvik

Studio Hilde Blomster og Gaver

Av Bjørg Liv Lee

Litt om Grete...
Velkommen til Studio H © Bjørg Lee

Studio Hilde ligg mellom nærbutikken og det vakre tidlegare Hotel Britannia. Rett overfor det roseprydde fontenetriangelet i Utvik sentrum. Der finn vi butikken til Grete Hilde. Ein liten oase i sentrumsbildet. For her er eit overraskende utval av kvalitetsvarer i ymse kategorier.Utvik Sentrum og Studio H i bakgrunnen © Bjørg Lee

Grete Hilde starta opprinnelig butikk i Utvik i fellesskap med 5-6 andre. Men dei seinere åra har ho aleine stått ansvarlig for tiltaket under firmanavnet Studio Hilde Blomster og Gaver. Ho er husflidhåndtverker, og den flittige dama har vevstol både i butikken og heime. Ho sit gjerne i veven eller er oppteken med strikketøy når ein kjem innom butikken. Men ho har også tid til å slå av ein prat og er alltid blid og imøtekommende.Grete er flittig på veven © Bjørg Lee

Av sjølvlaga produkt for sal kan nemnast varme strikkeplagg i ull som vottar, luer, sokkar m.m. - også tova produkt. Ho sel vevne veggtepper, løparar, puter, bordbrikker, sitjeunderlag og bunadsforkle. Her er varierte fargar. Så sjansen er stor for å finne noke som passar inn i eitkvart interiør.


Grete er eineforhandlar i Stryn på Raumagarn. Ho har og modell av og sel garn og oppskrift til “Marius-genseren” frå Sandnes. Den populære genseren frå 50-60talet som har fått ei oppblomstringstid igjen.

Videre har ho godt utval av strikke-, hekle- og vevgarn. Og ho skaffar det ho ikke har på lager.

Interiør © Bjørg LeeButikken har eit rimelig stort vareutval av gåveprodukt i tekstil, keramikk og liknande, glas, fotokort og innramma foto frå nærmiljø, lys frå SIA og barneartiklar frå DIDDL og TOPMODEL. Grete er eineforhandler i Sogn og Fjordane på ØYO kniver/produkt (som er godkjent av mattilsynet).

Sist men ikkje minst. Som navnet tilseier er Studio Hilde Blomster og Gaver også ein blomserhandel.Innehaver Grete med sine blomster © Bjørg Lee Butikken er tilknytt Euro-Florist. Ho får jamnlig levert friske blomster av god kvalitet. Det er imponerende å sjå at ho kan ha eit slikt utval i ein liten utkant. Ho leverer blomster i nærmiljøet og lagar dekorasjoner. Også kransebinding og alt til begravelser blir utført.

I butikken til Grete finnst bokstavelig talt nyttige og vakre bruks- og pynteting frå vogge til grav.

Det er vel verd å ta turen innom Grete sin butikk i Utvik!

(Sist oppdatert 25.september 2009, 23:11)

Gå til nyhendearkiv