Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Husvære til sals/leige i Utvik?

Utvik Vel- og utviklingslag ynskjer å kartlegge kva hus og tomter som er ledige i Utvik for leige eller sal.
Om nokon har husvære eller tomt de ynskjer å selge, eller hus de ynskjer å leige ut, så ta gjerne kontakt med oss i utviklingslaget slik at vi kan få det med på vår oversikt. Vi legg også gjerne ut informasjon om dette på desse nettsidene. Håpet er at vi med tida kan ha ein eigen link under nettsidene nettopp til dette formål.

Det er stadig vekk folk som ynskjer seg til bygda, og då vil vi gjerne være til hjelp når dei ynskjer ein stad å bu.
(Sist oppdatert 10.juni 2009, 23:28)

Gå til nyhendearkiv