Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Tilrår avslag i ankesak

Av Fjordingen

Landbrukssjefen i Sogn og Fjordane støttar Stryn kommune sitt vedtak som seier nei til frådeling av hytta på eigedomen til Lidvin Olav Hage i Utvik.

Fylkeslandbruksstyret handsamar saka førstkomande fredag (17/4-09).

Lidvin Olav Hage søkte om løyve til frådeling av 1,1 dekar tomt med påståande hytte. Meininga var å overdra parsellen til Nina Catrin Hage og Lars Jørgen Hage, born til noverande eigar Oddvin Hage.
Stryn kommune avslo søknaden og anken gjekk til Fylkeslandbruksstyret, som no skal handsama saka.

Du kan lese meir om dette i Fjordingen onsdag 15/4-09.


(Sist oppdatert 17.april 2009, 10:11)

Gå til nyhendearkiv