Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Over 70 på støylsmesse

Støylsmessa på Moldrheimstøylen søndag 28. juli

Av Maria Svenfelt

Sommardagane i Utvik vart avslutta søndag med støylsmesse i regi av Utvik Sokneråd på den idylliske Moldrheimstøylen. Over 70 personar møtte opp, frå mange av bygdene i indre Nordfjord.

Også utflytta Nordfjordingar nytta høvet til å få med seg ei gudsteneste i den fine naturen. Gudstenesta vart leia av vikarprest Sigurd Stige som snakka engasjerande om utfordringar rundt det å tilgje.

Martha og Sverre Tisthamar kokte kaffi og baud på saft til dei oppmøtte. Det vart og servert kake og godteri til barna. Det fine været bidrog til å gjere støylsmessa til ei flott avslutning på dei 21. Sommardagane i Utvik.


Ida og Elias Svenfelt Tisthamar © Jarle TisthamarVikarprest Sigurd Stige © Jarle Tisthamar

Foto Jarle Tisthamar


Martha E. Tisthamar © Jarle Tisthamar
Gudstenesta © Jarle TisthamarGudstenesta © Jarle Tisthamar








(Sist oppdatert 02.august 2013, 21:16)

Gå til nyhendearkiv