Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Serverte hollandsk jul

Laga nederlandsk julebord i Utvik

Av Fjordingen

Julebordsesongen er godt i gang i Utvik. Onsdag sørga to nederlandske mødre for eit typisk nederlandsk julebord for born og tilsette i barnehagen.

Denne veka fekk born og tilsette i Utvik barnehage servert matrettar utanom det vanlege.
To nederlandske mødrer frå Tistam og Utvik laga til eit stort julebord med tradisjonell julemat frå heimlandet sit.

- Det er første gong vi gjer dette, så det er veldig kjekt for oss og. I Nederland er det vanleg å ha slikt julebord om kvelden der born og foreldre lagar maten saman. Difor ville vi gjere det litt spesielt for borna i barnehagen i år, seier Annelies Winkelhorst og Yurdanur Molenaar.

Les heile saka i Fjordingen fredag 10. desember 2010, på fram- og midtsida.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 10.desember 2010, 23:32)

Gå til nyhendearkiv