Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Mannefall i Dooria

Fem leiarar i Stryn ut av Dooria

Av Fjordingen

Fem leiarar i Dooria-konsernet med arbeidsplass i Stryn kommune, er på veg ut eller har slutta i verksemda.

Kontrakta til tidlegare konsernsjef Knut Arild Løvdal vart avslutta måndag (23/8) etter at han tidlegare i sommar sa opp stillinga.

- Skal ha kontor i Stryn

Av Fjordingen

Styreleiar og førebels konsernsjef Jon E. Bjørstad, som er seniorpartnar i Credo Partners, opplyser at Dooria A/S framleis skal ha kontor i Stryn, men at konsernsjefen skal sitje i Oslo.

- Utvik betrar lønsemda

Av Fjordingen

- Dooria Utvik har ein god ordreinngang mot september månad, og vi ligg tett opp til lønsemd og planen vi har sett oss, seier dagleg leiar for avdelinga i Årdal og Utvik, Harald Husabø. Husabø var tidlegare produksjonsleiar ved begge verksemdene.

I alt 17 personar er i dag knytta til produksjonen av dører i Utvik. I tillegg har 12 jobba på marked og 4 på service/økonomi i Utvik/Stryn.

- Usikre på framtida

Av Fjordingen

Det var ein rutinert lokalt sterk forankra arbeidsstab vi møtte på Dooria Utvik tysdag (24/8). Dei er usikre på framtida, men gjev ikkje opp.


Les meir om saka på www.fjordingen.no.

Les heile saka i Fjordingen fredag 27. august 2010, side 5.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv Sluttar som konsernsjef i Dooria, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 28.august 2010, 13:45)

Gå til nyhendearkiv