Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Søknad om endring av fartsgrenser i Utvik og Tistam behandla i kommunen.

Av Paulen

Kommunen støttar ynskje frå bygdefolket om endring av fartsgrenser på riksveg 60 og fylkesveg 725 i Utvik og Tistam.
Her fylgjer utdrag frå saksdokumenta skrive av Kolbjørn Nilsen i Stryn Kommune. Du kan trykke her for å lese heile dokumentet.

Handsaming av søknad om endring av fartsgrenser på riksveg 60
og fylkesveg 725 i Utvik og Tistam


Presentasjon: Viser til søknad frå Utvik vel og utviklingslag innkome til Stryn kommune den 22.sept. 2009.
I søknaden vert det vist til folkemøte i Utvik den 6. november 2008 og påfølgjande møter om
ønskjer frå bygdefolket vedrørande reduserte fartsgrenser rundt om både i Utvik og på Tistam.


Rv 60 ved Storebruene:
Her er 2 bruer på riksvegen som begge ligg i samme svingen. Det er også rimeleg stor
stigning på vegen rundt denne svingen.
Det er ikkje gang-/sykkelveg på nokon av bruene eller i forlenginga av bruene.
Stryn kommune har denne strekninga som 1. pri. (KS-053/08) når det gjeld utbygging av nye
gang-/sykkelvegar i kommunen.
Ønskje om redusert fartsgrense til 40 km/t i område ved bruene.

Fv 725 gjennom Brulandstranda:
Her er mange avkøyrsler frå fylkesvegen, bustadhus nær inntil fylkesvegen,
næringslivsverksemd og frakt av varer til/frå Dooria-fabrikken.
Ønskje om lavare fartsgrense enn 60 km/t.

Rv 60 ved Øvre Verlo:
Ønskje om utviding av eksist. 60 – sone til oppom avkøyrslene for stikkvegane til gardsbruka.

Rv 60 ved Hammer:
Ønskje om utviding av eksist. 60 – sone mot Innvik, til austom avkøyrslene for stikkvegane.

Fv 725 ved Tistam:
Ønskje om utviding av eksist. 50 – sone på Tistam, frå Frøyset i aust til forbi avkøyrsle til
Gjerstad i vest.

Vurdering:
Seksjonsleiar kommunalteknikk støttar søknaden frå Utvik vel og utviklingslag om
fartsreduksjon på alle desse 5 omsøkte stadane, og viser til Statens Vegvesen eigen 0-visjon.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Søknaden blir oversendt til Statens Vegvesen for faglege vurdering av tilhøva og set sin lit til
at dei treffe dei nadusynte tiltak som skal til for å ivareta bygdefolket i Utvik sine ynskjer om
auka tryggleik på desse vegane.
Handsaming i Teknisk utval 26.01.2010.
(Sist oppdatert 01.februar 2010, 08:49)

Gå til nyhendearkiv