Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Har de lopper å levere til marknaden under sommardagane?

Også i år vil Barneidretten ha loppemarknad under sommerdagane i Utvik. Vi har alt fått inn ein del fine ting, men vi treng fleire lopper!

Ting som vi gjerne vil ha er f.eks smykker, bilder, dekketøy, kjøkkenting, idrettsutstyr, pynteting, bøker, og spesielt
leikar har vore veldig populært. Ynskjer ikkje kle i år, då dette ikkje har vert interesse for.
Har du ting du vil gje vekk, så tar vi imot med takk. Det som vert levert inn må vere reint og i orden. Loppene kan leverast på kaia i Utvik frå kl 17.30 fredag 30 juli. Er dykk forhindra i å levere denne kvelden, ta kontakt med May Skåden, Grethe Grøsvik Hilde eller Inger Johanne Bruland.

Barneidretten Vikane IL
(Sist oppdatert 03.juli 2010, 13:53)

Gå til nyhendearkiv