Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik

Nyhende

Sjekkar kraftlinje i Utvik

Av Fjordingen

Stryn Energi AS har engasjert entreprenør til å gå over kraftlinja mellom Utvik og Tistam.

- Det må gjerast for å sjå om det er forsvarleg å arbeide i dei gamle traversane, opplyste energisjef Jan Træen på generalforsamlinga.

22 kV-linja Utvik - Tistam må rustast opp for å ta imot straum frå planlagde småkraftverk. Med meterpris på tusen kroner er ny linje kostnadsrekna til brutto 8 mill. kroner (5 mill. i dekningsbidrag).

Denne artikkelen er henta i sin heilheit frå Fjordingen fredag 18. juni 2010.
Bestill Fjordingen på www.fjordingen.no.



(Sist oppdatert 18.juni 2010, 22:05)

Gå til nyhendearkiv