Juv
Velkomen til Juv!![]() |
| Juv |
| Rønnaug Berge Leite |
Utsiktseigedomen Juv tilbyr moderne menneske oppleving og kjensle av sakte tid. Her er fullstendig ro og fred.
Du kan ta i bruk alle sju sansar og nyte dei ulike årstider frå fjord til høgfjell.
Opplev fjorden i båt på eiga hand, gå til fots i skog og fjell og set deg ned saman med vertskapet i eldhuset og nyt ein kopp nykokt kaffi og lyden av elden som sprakar i grua - aktivitetar som gjev nye krefter i ein elles hektisk kvardag.
Drøym behaglege draumar i himmelseng og la tidleg morgonsol,
elvesus og fuglekvitter vekkje deg opp til ein ny dag med blanke ark og mange muligheter.
Når gråværet kjem sigande, er det godt å kvile ut til den gode varmen frå ovnen og lyden av vinden som ular og regnet som "bankar" på ruta.
Vi deler gjerne livs- og kulturarven vår med deg,
og helsar velkomen til hjartet av fjordlandet og møtet med bre og hav!
Les meir om Juv her

