Utvik

Utvik

Vikanenett - Innvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2fac_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

TURISME

Velkomen!!
Utvik sentrum
I Utvik er det godt å bu. Nydelig fint klima året rundt og strålande natur. Her ligg fjorden på sitt åpnaste og vakraste.
Om vinteren er det kort veg til Utvikfjellet og mange morosame skiaktiviteter. Fjellet freistar også til mange utfartar om sommaren.
Ellers kan ein på sommartid kose seg med båtturar på fjorden eller kanskje litt bading. Temperaturen i vatnet pleier være ganske fin i sommarmånadane fordi Utvik ligg i god avstand til brevatnet som renn ned lenger inni fjorden.

I Nordfjord er det mange store turistattraksjonar, Briksdalsbreen er kanskje ein av dei største. I tillegg er det kort avstand til både Sognefjorden og Geiranger.
Les meir om attraksjonar og anna info om Nordfjord her.

På Utvikfjellet ligg Karistova Hotell kun 10 minuttars køyretur frå sentrum av bygda med flott utsikt over heile fjorden.
Her oppe kan du gå mange flotte turar sommar som vinter. Om vinteren kan du nytte deg av tilbodet til Breimsbygda Skisenter som har to barnetrekk og to vaksentrekk samt kilometer på kilometer med flotte preparerte løyper.

I nabobygda Innvik, kun 5 minutters køyretur innover i fjorden ligg Innvik Fjordhotell, IMI.

For overnattingsmogelegheiter i Utvik har vi fylgjande som driv med utleige:

Alf Njøsen, epost: alv-n@c2i.net
Fransøyra Hytteutleige, tlf: 57 87 65 44 / 911 30 038 Fransøyra
Juv v/Rønnaug Berge Leite tlf: 911 91 575 les meir.
Reinetunet les meir.
Paulen v/Lindy Paulen, kjellarleilighet ved sjøen. Tlf 41 63 18 24. Les meir her!

Ei spesielt strålande tid å kome på besøk er under sommardagane. Dette arrangementet går av stabelen kvar sommar, siste helga i juli. Då er det konsertar, dans, fiskekonkurranse, marked, grilling på kaia og mykje meir. Kort sagt, moro for folk i alle aldrar.

Sjå bilder frå Utvik under bildearkiv her.